søndag 1. desember 2013

KLASSELEIING - KVAR EIGEN LÆRAR SITT ANSVAR?

 
Klasseleiing har i dei siste åra  vorte lyfta opp som eit satsingsfelt i norsk skule. Er det manglande klasseleiing som har ført til at norske elevar ikkje gjer det så bra i undersøkingar som Pisa og TIMMS? Har elevane fått styre for mykje i norsk skule, eller er det foreldra og media som har gjort sitt til at lærarrolla og lærarprofesjonen har vorte svekka? Kanskje er det læraren sjølv som har abdisert? Dette er omfattande spørsmål som det ikkje gar an å gje eit eintydig svar på, men at klasseleiing er svært viktig er noko nyare forsking og undersøkingar har kome fram til. Thomas Nordahl, som er  professor i pedagogikk og leiar for Senter for praksisrettet utdanningsforsking ved Høgskolen i Hedmark, var forelesar på sist samling vi hadde ved BI. Han drog oss gjennom og sette fokus på mange utfordringar kring klasseleiing, og denne mannen veit  kva han snakkar om! Det var svært inspirerande å få høyre på og oppleva ein så dyktig forelesar. For å aktivisere oss tilhøyrarane med tankar, refleksjonar, samt kome med enkelte konklusjonar, viste han til eiga forsking og erfaring frå ymse stillingar i skuleverket og departement. Han formidla og forskningsresultat til skuleforskaren John Hattie, og viste til  Hattie si bok « Visible learning for Teachers». (2012)
 

Kva er klasseleiing?
I  Stortingsmeldinga om ungdomssteget, Motivasjon-Meistring-Moglegheiter( meld nr 22, 2010-2011) er klasseleiing prioritert som satsingsfelt. I mitt kollegium  har  naturleg nok klasseleiing vore oppe på sakskartet, og samtlege kollegaer verka til å vite kva klasseleiing innebar.  Men, klarer vi som lærarar å yte god nok  klasseleiing?  Nordahl  seier at klasseleiing er sett saman av

«læraren sine evner til å skape eit positivt klima og læringsmiljø , etablere og oppretthalde arbeidsro og motivere elevane til arbeidsinnsats ( Nordahl, 2012,13).»  

Greie, og godt skjønelege ord kanskje, men når ein som oftast er ein lærar, eit klasserom og ei klasse, så blir læraren  einsleg i sin undervisningspraksis, og det fulle ansvaret fell på ein sjølv.  Om omgrepa er konkrete er  ynskjesituasjonen, eit perfekt klassemiljø, ganske komplekst. Kva når det ikkje fungerer, kva gjer ein som einsleg lærar med si private undervisning da ? Kanskje ser ein ikkje sjølv at det ikkje fungerer heller. Og, er det så lett for andre  å kome inn den lukka døra og den sfæra som herskar der?
Det er mange spørsmål ein kan stille seg og ikkje kan finne eit endeleg svar på, men eg vil vidare i dette innlegget fokusere på korleis ein som kollega kan bidra til betre klasseleiing.

 

Gode relasjonar og evne til refleksjon

For at ein lærar skal kunne yte god klasseleiing må han ha gode relasjonar til elevane sine. Nordahl referer i denne samanhengen til John Hattie sine effektstorleikar og kva for lærarkompetansar som har stor effekt på læring. Ein positiv og støttande relasjon mellom elev og lærar blir rangert på11. plass, og læraren si leiing, tydlegheit og struktur i undervisninga blir rangert på 8.plass av totalt 138 rangerte variablar ( Nordahl 2012). Skal ein  gå inn  og hjelpe ein kollega til betre klasseleiing er det og ein fordel at relasjonane mellom kollegane er positive. Tryggleik og forutsigbarheit skapar gode rammar. I samtala med kollegaen er det viktig at ein ikkje verkar belærande, men at ein evnar å stille seg sjølv i same posisjon som kollegaen.  Det er viktig å kunne sjå seg sjølv utanfrå og andre innanfrå .

« Det er en fordel og til en viss grad en betingelse at refleksjon og analyse av ens egen praksis foregår i dialog med andre lærere."( Nordahl 2012).


Ein god dialog der dei involverte talar same pedagogiske språk og ein er trygg nok i situasjonen til å vera ærleg til å ta opp ting som ikkje går etter planen er viktig. Likevel veit eg av erfaring at dette ikkje er lett, særleg dersom det ikkje er kollegaen sjølv som har teke initiativ til dette. Her er det viktig at leiinga ved skulen legg til rette og har fokus på klasseleiing , og såleis er bevisste på at kollegarettleiing og pedagogiske utviklingssamtalar lærarane imellom må vera på dagsorden.  Ved å reflektere saman med andre blir di private undervisning utfordra, og ein må rette ljoset mot det ein kan gjera noko med, og det er i fyrsteomgang læraren sjølv. Det er vanskelegare å endre andre enn seg sjølv.
Nedanfor har eg nokre punkt eg meiner det kan vera hensiktsmessig å nytte/tenke gjennom når ein  skal hjelpe ein som kollega skal bidra til betre klasseleiing


Ros det som er bra, framsnakk.
 
      Sjå på nokre av utfordringane, vis positive forventningar, sei at du har trua ette går bra
      (akkurat same metodikk ein yter overfor elevane)
 
      Erfaringsutveksling. Kva fungerer bra i mi undervisning, kan det fungere bra hjå deg og?
 
      Byt roller, observer kvarandre. Dette er med på å skape betre forståing for problemet.
 
      Avgjer i forkant kva ein skal fokusere på, og bruk eventuelt eit enkelobservasjonsskjema.
 
      Ha opne dører, da blir det rom for å spegle si eiga undervisning. Skulevandring er eit omgrep som blir nytta.
 
      inn ut kva forskinga seier omkring klasseleiing ( Hattie 2013). Bruk for eksempel Udir sine sider.
 
     Ta i bruk andre kartleggingsverkty, for eksempel ved å fime si eiga undervisning (Nordahl 2012). Set opp eit kamera i klasserommet som har læraren i sentrum
 
     Kva for grep må vi gjera? Gå etter kvart frå ord til handling. Legg både ein kortsiktig og langsiktig strategi, endring tek tid.
 
      Øv og tren på klasseleiing, mengdetrening må til for å auke prestasjonane. Både Hattie ( 2013) og Nordahl(2012) hevdar d ette, og som det står i Nordahl si bok "Dette vet vi om klasseledelse "s.45
 
      "Endring av ens egen praksis vil dreie seg om å bryte vaner, og dette krever stor grad av bevissthet og trening. Det vil si at man systematisk må øve på det man vil bli bedre til, hvis man som lærer skal bli en god lærer på ulike undervisningsområder."
Hugs at ein god lærar er ein god leiar!

Samarbeid – svaret på det meste?

Som nemnt tidlegare er klasseleiing ofte ei einsam affære, men treng det å vera det sjølv om ein er åleine i ei klasse? Lærarar seg i mellom må ta lærdom av kvarandre, og skuleleiinga må leggje til rette og bidra til ein god samarbeidskultur i skulen. Skulen må som organisjasjon ha ein felles politikk og ei felles grunnforståing på kva og korleis god klasseleiing er, og både gamle og nye lærarar må fylgjast opp for å nå dei måla skulen eller skuleeigar har sett for deira skule/kommune.
Korleis er det så med min eigen arbeidsplass, er vi gode på klasseleiing? Har vi gode nok rutinar til å bruke kvarandre som støttande ressursar når vi treng det? Vi får kike oss sjølv i korta,så bra at vi har tolærarsystem i basisfaga.  Uansett  - det blir nok klasseleiing vi vel som satsingsområde når vi hausten 2015, gruppe 3 i Oppland, tek til for fullt med skulebasert kompetanseutvikling.


Kjelder:
Hattie, John ( 2012). Synlig læring - for lærere. Cappelen Damm.
Nordahl, Thomas (2012). Dette vet vi om klasseledelse. Oslo: Gyldendal Akademiske.
Meld.St.(2010-2011). Motivasjon-Mestring-Muligheter.Ungdomstrinnet.Oslo: Kunnskapsdepartementet