mandag 24. mars 2014


Skulen – den (multi)kulturelle møteplass?
Kjelde: utklypp frå word
Alle skular har sin eigen kultur, og kulturen sit i veggane. Men, kva er kultur? Alt verkar det for, sjå berre i skulen. Vi har kulturell skulesekk, kulturverkstad, kulturelle verdiar, kulturfag, fleirkultur, multikultur, kulturveke, kulturformidling, kultur for å lære og kanskje til tider  ukultur og?
Illustrasjon frå forelesing Bi 04.03.12
Sut I Wong Humborstad prata i forelesinga si ved BI den 04.03.14 om Cross Cultural Competence and classroom management om kultur som korleis vi programmerer hjerna vår. Ho forklarte vidare at ein kunne sjå på kultur som ei sky der det blir opptil den enkelte kva vi ser og oppfattar. Ho tok for seg kva kultur inneber, og brukte eit isfjell for å gje oss eit bilete på kor samansett kulturbegrepet er.


Eit land – mange kulturar
Norge har i løpet av dei siste tiåra vorte eit multikulturelt samfunn der ulike kulturar lev ved og i kvarandre. 12 % av totalbefolkninga i Norge er innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre viser tal frå Statistisk sentralbyrå per 01.01.13.Den gruppa som veks raskast i vårt samfunn er  «mixed heritage» ( Osler,2013), det vil seie personar som har ein blanda arv/bakgrunn, eller som er fleirkulturelle. Dette gjev nye utfordringar for skulen og det mangfaldet vi finn der. Menneske med ulik kultur, verdisyn og trusretning møtast dagleg, og desse skal saman byggje  ny kunnskap som kan gje dei eit reiskap til å takle dagens multikulturelle samfunn. Skulen er ein samfunnsintegrerande institusjon, og vi må arbeide mot å skape eit inkluderande elev- og arbeidsmiljø. Korleis kan vi og som leiarar ta omsyn til ulike kommunikasjonsvanar og verdiar for å få til dette?

 Multikulturelt skulesamfunn
Utifrå kva som står i Wikipedia om multikulturalisme kan ein forstå det slik at eit multikulturelt skulesamfunn er skular som er sett saman av elevar med ulikt etnisk og kulturelt opphav. Fleirkulturell har og blir brukt synonymt med multikulturell, men slik eg ser det så er multikulturell eit vidare begrep som omfavnar meir. Multi tyder fleire, og som det står vidare på Wikipedia så er det utelukkande positivt med multikulturelle  skulesamfunn  for dei  blir rikare dess fleire kulturar som finst der. Ingen av enkeltkulturane utpeikar seg for å vera større eller betre enn andre, og dei er alle ein del av skulekulturen med like rettar og pliktar utan å måtte gje avkall på sine eigne kulturelle verdiar.


Kva gjer ein som lærar for å skape eit fremjande arbeidsmiljø som inkluderer alle elevane?
Mangfald er utfordrande, men og spennande og interessant. I skulen er det viktig at  elevane føler seg inkludert, og at leiarar gjer sitt for å få til dette. Thomas Nordahl skriv i si bok om Klasseledelse( 2012) at:
« Alle elever må få og ha opplevelse av å bli sett, hørt og respektert som selvstendige mennesker» .
Men sjølv om eg som lærar planlegg, organiserer og tilrettelegg så godt eg kan både utifrå evner og læreplan, når eg alle elevane i klassa?

I 9.klasse har vi nettopp hatt  ei markering av Jan Magnus Bruheim sitt 100 års jubileum som diktar, og prosjektet enda opp med ein lyrikkveld på skulen for føresette og vennar. I klassa har eg ein elev frå Eritrea som ikkje meistrar verken norsk eller engelsk. Elevane hadde i oppdrag både å lesa og dramatisere Bruheimdikt, og dei skulle og skrive og framføre eigne dikt. Dans og musikk var på programmet og. Via kroppsspåk, spegling, humor og kreativitet  gjekk dette bra. « Om alle tre var like» er eit av dikta vi brukte, og eg tykkjer at det passar godt å ta med her.

Om alle tre var like


Om alle tre var like
og alle blomar blå
og alle fuglar svarte
og alle dyra grå,
det trur eg ville gjera
oss meir enn vondt å sjå.

Om vi var like store
og gjekk i like klær
og om vi alltid hadde
kvar dag det same ver -
Det ville vera meire
enn trist å leva her.

Om alle hus var like,
med same mat på bord
og om vi tala saman
alltid dei same ord –
då vart det liten trivnad
her nede på vår jord.


Nei, dette rike mangfald
vi kringom oss kan sjå
av ymse dyr og fuglar
og tre og blom og strå –
At alt er skapt så ulikt,
er godt å tenkje på!

Jan Magnus Bruheim
Utfordringane kom når den eritreiske storfamilien skulle kome og vera med sjølve kvelden. Dei bur utanfor sentrum, ingen sertifikat, og ingen offentleg kommunikasjon. Familien har nyleg kome til bygda og kjenner ikkje mange. I Skjåk har vi heller ikkje flyktningmottak eller andre instansar som tilrettelegg, og flyktningkonsulenten var ikkje tilgjengeleg! Kva gjer ein – jo,mobiliserer!  Lærarar og foreldre til andre i klassa stilte opp og henta dei, og så er kommunikasjonen og forbindelse oppretta. Å kome ihop med andre,sitte ved same bord med andre foreldre samt rektor, bidrog til at dei følte seg  velkomne. At dei og såg  bilde og kunstnariske innslag frå deira heimland på veggane i kantine og klasserom er og med på å vise at deira verdiar og kultur blir verdsett.

Å skape respekt og anerkjenning er viktig, og da er vi inne på det som Bryks og Schneider kallar «relasjonell tillit». Relasjonell tillit handlar om mellommenneskeleg og sosiale utvekslingar. Her er det fire kriterie som ein vektlegg: respekt/anerkjenning av kvarandre, kompetanse, personlege omsyn og integritet.

Good practices
“Kids get it, that we give them”.“Catching the kid       getting them smart”. Desse ytringane formidla Sut I Wong Humborstad som innleiing til eit utklipp frå youtube der Gary R Howard la fram 7 prinsipp som er formålstenlege for lærarar som er ansvarlege for å få til eit inkluderande og multikulturelt skulemiljø.










 Prinsippa for «good practices» kan fritt oversetjast som:.
          1.      Elevane må bli godtekne som dei er
          2.      Lærarane må bry seg om og sjå elevane
          3.      Elevane må føle seg heime i klasserommet
          4.      Ein må sjå potensialet til elevane
          5.      Skjer det endringar må ein ta omsyn til forskjellane
          6.      Varme,omtanke og respekt må råde i klasseromma

          7.      Redusere stress, og få elevane til å fungere både som enkeltindivid og som gruppe


Oppsummering
I skulen må det vera rom for alle, rom for å prøve og feile,og rom for å tolke og forstå. Som lærar er det viktig å vera open for alle kulturar, samstundes som ein gjev såpass av seg sjølv at elevane veit at du veit. Gode relasjonar er ein føresetnad for å byggje opp tillit. Du må tore å ta utfordringar, og du må tru at du sjølv er ein bidragsytar i å få til eit inkluderande elev – og arbeidsmiljø. Relasjonell tillit har vore omtala tidlegare, og relasjonell kompetanse er nettopp å kunne forholde seg til medmenneske på ein slik måte at tillitforhold blir utvikla. Olga Dysthe ( 1997)seier følgjande:
 «Å være leder betyr å samhandle med andre menneske, både enkeltmenneske og grupper». Skulen er staten sin viktigaste arena for å kunne utvikle kulturell samhørighet og fellesskap. Kultur er kommunikasjonsfellesskap, og skulen ein multikulturell møteplass. 
Humborstad synte oss ein video om Responsive teaching som viser døme på korleis ein bør opptre som leiar i ei klasse:
http://www.youtube.com/watch?v=_uOncGZWxDc&noredirect=1

 
Kjeldeliste:
Litteratur:
Dysthe, Olga (1997): Pedagogisk ledelse - et relasjonelt perspektiv.     Bergen:Fagbokforlaget
Hattie, John (2013): Synleg læring – for lærere. Cappelen Damm AS.
Nordahl,Thomas (2012): Dette vet vi om klasseledelse. Oslo Gyldendal Norsk forlag AS.


Kjelde – bilde: