«Forferdeleg kjedeleg at du vart landbruksminister Sylvia» seier eg,
men vi let landbrukspolitikken tone ned og yter fram skule og skuleutvikling i
denne bloggen.
Kvar går norsk skule, er vi nøgde med den utviklinga som skjer?
Det er typisk norsk å vera
god…
Professor Johan From hadde ved sist
samling på BI ei interessant forelesing om kvifor og korleis ei endring bør
skje i den norske skulen. Han sette
skule og skuleutvikling inn i eit heilheitleg
perspektiv, og viste døme på at mangt anna i norsk offentlege sektor er i
endring og. Med hensyn på skule sa han at den viktigaste feilen er « at vi trur
at vi er betre enn vi er». Er det ikkje typisk norsk å vera god da?
PISA- undersøkinga har nok ein gong avslørt ein for svaktpresterande norsk skule, men blir det teke på alvor? Her kan ein svare både ja og nei trur eg. Norsk skulekvardag har i dei siste 8-10 åra vorte meir og meir prega av testing. Nasjonale prøver,PISA TIMMS, kommunale testar osv. Lærarar har etter krav frå skuleleiinga førebudd elevane sine i månadsvis på ymse testar, for som From hevda er det slik at dersom du som skuleleiar klarer å skaffe gode elevresultat, ja da får du vera i fred. Er dei låke blir det sett i gang ymse støttetiltak, men blir testresultata brukt på ein hensiktsmessig måte? Det overordna målet er å auke elevane sin læringseffekt, ikkje berre på kort men på lang sikt. Og, er vi ærlege kjenner vi ikkje elevane våre godt nok til at vi veit slik nokonlunde kva for score dei får uansett?
PISA- undersøkinga har nok ein gong avslørt ein for svaktpresterande norsk skule, men blir det teke på alvor? Her kan ein svare både ja og nei trur eg. Norsk skulekvardag har i dei siste 8-10 åra vorte meir og meir prega av testing. Nasjonale prøver,PISA TIMMS, kommunale testar osv. Lærarar har etter krav frå skuleleiinga førebudd elevane sine i månadsvis på ymse testar, for som From hevda er det slik at dersom du som skuleleiar klarer å skaffe gode elevresultat, ja da får du vera i fred. Er dei låke blir det sett i gang ymse støttetiltak, men blir testresultata brukt på ein hensiktsmessig måte? Det overordna målet er å auke elevane sin læringseffekt, ikkje berre på kort men på lang sikt. Og, er vi ærlege kjenner vi ikkje elevane våre godt nok til at vi veit slik nokonlunde kva for score dei får uansett?
Vi veit kva som verkar
"Grunnboka" for lærarar,skrive av John Hattie. |
Johan From påpeika både i si forelesing og i sin artikkel « Lett å lage god skole» at variasjonane mellom skular er kjempestor i Norge. Dei beste skulane kan vise til svært godt læringsutbytte for elevane, og desse skulane har dyktige leiarar og profesjonelle lærarar. Leiarane har hovudfokus på elevane sine læringsprosessar og læringsutbytte, og dei har evner til å måle og analysere skulen sine resultat. Variasjonen mellom skulane meiner From er eit teikn på kvalitetssvikt, og han spør kvifor ikkje fleire tenkjer meir heilskap med eit breitt individuelt perspektiv?
Leiarane må leie, og sidan skulen blir meir og meir autonom får rektor meir friheit som i neste rekkje krev meir styring! Rektorrolla har i takt med samfunnsutviklinga endra seg, og ho vert stadig meir kompleks. Som leiar må ein prioritere, og dei viktigaste variablane må veljast utifrå dei prosessane som skal gjennomførast. Profesjon og kompetanse er nøkkelbegrep for å beherske ei skuleleiarrolle.
Eksempel på gode leiarstilar frå udir.no |
« Forventningene til skoleleder er høye og rektor har fått meir omfattende oppgaver og ansvar de siste årene. Dette er en internasjonal trend. Desentralisering, ansvarliggjøring for elevresultater, iversetting av nye reformer og nye tilnærminger til læring har bidratt til at rektorjobben nå er mer krevende og komplisert enn tidligere» ( St. melding 2007/2008:47).
Ein god lærar er
ein god leiar,
seier Thomas Nordahl. Den norske
lærarrollen må bli meir presis hevda From. I fleire forum har Høgre og delvis
Arbeidarpartiet fremma forslag om å innføre ordninga med lærarspesialistar, for
lærarrolla og utøvinga av den har vore veldokumentert og debattert i
skuleforskinga. Spesialistane skulle da hjelpe mindre profesjonelle lærarar til
å kome inn på rett veg, for det er da lærarane åleine som har hovudansvaret for
elevane sitt læringsutbytte?
Lærarane er viktige, men ikkje viktigast. Det er kva lærarane gjer og kva det medfører av læring hjå elevane som er det sentrale. Dette må den norske skulen prioritere i mykje større grad.Skuledebatten bør ikkje handle så mykje om lærarane, men om kva dei gjer når dei underviser. Det handlar om å gjera dei rette tinga, seier Hattie, og sannsynlegvis har eg sjølv vore utsett for lærarar som har gjort mykje riktig. Korleis kunne eg elles ha fått med meg 6 -7 års høgare utdanning, vera deltidsstudent på BI, og kome frå ein bondefamilie? Viser ikkje forsking gong på gong at barn med akademisk bakgrunn sjølve tek akademisk utdanning ?
« En elev frå en lavinnteksfamilie vil komme
opp på nivå med elever frå rikere familier ved hjelp av tre til fire år med en
betre lærer» ( Hanushek 2006, From sine forelesingsnotat 28.04.2014). Lærarane er viktige, men ikkje viktigast. Det er kva lærarane gjer og kva det medfører av læring hjå elevane som er det sentrale. Dette må den norske skulen prioritere i mykje større grad.Skuledebatten bør ikkje handle så mykje om lærarane, men om kva dei gjer når dei underviser. Det handlar om å gjera dei rette tinga, seier Hattie, og sannsynlegvis har eg sjølv vore utsett for lærarar som har gjort mykje riktig. Korleis kunne eg elles ha fått med meg 6 -7 års høgare utdanning, vera deltidsstudent på BI, og kome frå ein bondefamilie? Viser ikkje forsking gong på gong at barn med akademisk bakgrunn sjølve tek akademisk utdanning ?
Eg hadde «flaks» med lærar opptil fleire gongar! Gardbrukarinntekta var ikkje på låglønnsnivå på 1970 – og 80 talet, og far min jobba i politikken, det berga nok meg.
Vegen vidare
Vi må vel seia at norsk skule ikkje alltid har teke dei rett vegvala, men bevisstheit og oppmerksemd kring forsking og effektstorleikar har hjelpt oss i rett retning. Framover må vi som From seier ha vekt på kva som skjer i klasseromma, og kva det fører til av læringsutbytte for kvar enkelt elev, uansett kva ballast eleven har med seg frå heime. Læringseffekt og læringsutbytte er det sentrale. Kvaltetsforskjellar i skulen heng tett opp mot lærarkvalitet, og har vi i Norge råd til å ha lærarar som hindrar i staden for fremmar elevane si utvikling? I så fall - ingen bønder på BI!
Kjeldeliste:
Litteratur:Hattie, John (2013): Synleg læring – for lærere. Cappelen Damm AS.
Nordahl,Thomas (2012): Dette vet vi om klasseledelse. Oslo Gyldendal Norsk forlag AS.
Marsdal, Marius Engen(2011): Kunnskapsbløffen. Forlaget Manifest
Nettsider:
http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/Lett-a-lage-god-skole-6610337.html#.U3sw3dJ_uGd
http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-31-2007-2008-.html?id=516853
http://no.wikipedia.org/wiki/PISA
https://www.itslearning.com/ContentArea/ContentArea.aspx?LocationID=7965&LocationType=1
Videoar:
http://vimeo.com/76045987
http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/Lett-a-lage-god-skole-6610337.html#.U3sw3dJ_uGd
http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-31-2007-2008-.html?id=516853
http://no.wikipedia.org/wiki/PISA
https://www.itslearning.com/ContentArea/ContentArea.aspx?LocationID=7965&LocationType=1
Videoar:
http://vimeo.com/76045987
Bilde 1 er eigenprodusert, og dei andre er henta frå utklyppstavla i word.Foilen er henta frå Johan From si forelseing,de finn den her:https://www.itslearning.com/ContentArea/ContentArea.aspx?LocationID=7965&LocationType=1