mandag 16. juni 2014

Klar for « Skulen i sentrum?»


Ja, eg er klar – trur eg. Etter dette studieåret ved BI må og bør såpass kunnskap ha festa seg attåt det som fanst i hovudet frå før – så ja, eg er klar!

Inngangspartiet ved Skjåk ungdomsskule
Kva er det eg snakkar om, skulen i sentrum – det er feil. Det er eleven si læring som er viktig, altså eleven i sentrum. Men «Skulen i sentrum» er visjon for den nye skulesatsinga i Skjåk kommune. Intensjonen er å samle tre skular, ein ungdomsskule og to barneskular, til ein 1-10 skule i sentrum i Skjåk. Er ikkje dette noko gamaldags tenkjer du. Har vi noko val tenkjer eg. Etter å ha lagt timeplan i fleire år, vore lærar på ungdomsskulen, og ikkje minst vera mor til tre ungar i barneskulen, ser eg behovet for å samle den kompetansen som finst i kommunen på ein stad. Betre utnytting av ressursane. Å kunne posisjonere seg før ei eventuell kommunesamanslåing tel også.  For korleis får vi søkjarar med den naudsynte kompetansen i for eksempel musikk når vi på ungdomsskulen åleine kan tilby tre timar per veke, 15% stilling, totalt?

Kva for retning skal eg gå?
Eg er , med ballast frå BI, budd til å ta fatt på dette arbeidet. Ny jobb var ikkje planlagt i haust, men nå sit eg her med eit toårig engasjement som prosjektleiar for « Skulen i sentrum». Tør eg verkeleg dette? Ingen faste rutinar, og skuleklokka seier ikkje ifrå når eg skal ha pause!







Kva skapar gode læringsresultat?
…var headingen på Johan From si forelesing den 28.april 2014 ved BI. Han var innom ulike faktorar for å lukkast med betre læring. Vi kjenner frå både Nordahl og Hattie at læraren er sentral, men skuleleiinga har omlag like stor innverknad. Skuleleiinga har den viktigaste og ikkje minst mest utfordrande jobben i skulen. På Udir sine nettsider står det kor essensielt det er å byggje det profesjonelle læringsfellesskap. Dette inneber ei kollektiv vurdering der den enkelte tilsette opplev støtte og utvikling. Vidare står det at for å byggje opp  ein lærande organisasjon må både skuleleiing, lærarar og andre tilsette utvikle seg utifrå felles mål og til det beste for elevane.
Kunnskapssamfunnet liker vi å kalle det, vår tid som set fokus på korleis vi lærer, kva for undervisning som fungerer, og kor stor betyding lærarar og leiing har for læringsresultat ( Hattie, 2013, Nordahl 2012). Skular som presterer gode elevresultat blir trekt fram, og søkjelyset vert retta mot korleis leiinga ved den enkelte skule er avgjerande for elevane si faglege og intellektuelle utvikling (Hattie 2009;OECD 2008;Robinson, 2007 og 2011; St.melding nr.31,2007-2008; Utdanningsdirektoratet, 2013). John Hattie, som i 25 år har drive pedagogisk forsking om kva som har størst innverknad på elevane sitt læringsutbytte, er svært presis når han poengterer kor viktig det er at både lærarar og skuleleiarar ser på seg sjølv som «change agents». Det er dei som kan og skal gjere ein forskjell på barns si utvikling og læring. Han seier og at lærarane ikkje åleine kan ta det ansvaret, men at skuleleiinga må på banen. Relasjonsbygging og tillit, direkte via læraren, indirekte via skuleleiinga, er noko som går att i nyare forsking og som har betyding for og fremjar gode elevresultat.


Ser ikkje skogen for berre tre.....

Norske rektorar har gjennom Kunnskapsløftet stor fridom til å velje retning for sin skule. Bra det kanskje, men står tidsressurs og arbeidsoppgåver i eit lineært forhold til kvarandre? Nei, ikkje for dei fleste, og det viser seg at opp mot 80% av tida til skuleleiarane går med til administrativ leiing på bekosting av den pedagogiske. Slik er det og på vår skule, rektor skal vera alt frå ryddehjelp, vaktmester, reknskapsførar og vikar. Skuleeigar stiller sine krav, og ulike innovasjonsprosjekt kan bli ei belasting som snarare hindrar enn fremjar god leiing. Handlingsrommet blir til handlingstvang, og såleis blir det leitt å sjå alle mogligheitene som ligg framfor ein. Godtek vi dette i norsk skule?                                            
Gode leiarar prioriterer det viktigaste, sa From. Dei ryddar unna oppgåver, og held fokus på kjerneoppgåvene i skulen – å auke læringsutbyttet for elevane. Dei minimerer administrasjon, og bruker ressursane til skulen strategisk godt. Proaktiv leiing legg vekt på gode system for å førebygge problem som kan oppstå, tre til hinder blir hogga ned.

Elevsentrert leiing
Viviane Robinson
VivianeRobinson  er ein anerkjent ekspert på skuleleiing, og ho dreg fram tre kvalitetar som kjenneteiknar skuleleiarar som set elevane si læring i sentrum (Robinson 2011):
  • Leiaren må nyttiggjere seg av kunnskap som gjev betre læring. Han må vite korleis elevar lærer, og korleis lærarar nyttar kunnskapen i si undervisning. Gje konsise attendemeldingar til lærarar, som vidare gjev meir effektiv undervisning.
  • Leiaren må løyse komplekse problem. All skuleutvikling er kontekstuell, og kontekstualiteten grip om seg på alle nivå.
  • Byggje tillit. Tillit må etablerast slik at du har fått anerkjenning. Dette er fundamentalt for å gå vidare med utvikling av dei tilsette, slik at de saman kan produsere gode resultat. Relasjonar og tillit må liggje til grunn, og som leiar må ein jobbe med dette kontinuerleg.

Robinson seier og at ein som skuleleiar må kjenne til dei fem viktigaste kjerneaktivitetane for leiing:
  1. Establishing goals and expectations
  2. Resourcing strategically
  3. Ensuring Quality teaching
  4. Leading teacher learning and development
  5. Ensuring an orderly and safe evvironment



Let`s go  - you are ready?

Lærarane er den viktigaste ressursen I skulen, og den må bli brukt på rett måte for å få størst mogleg effekt på læringa til elevane ( Hattie, 2009). Bør ikkje ressursane til skuleleiar brukast på lærarane som skal gjera jobben for elevane si læring? Fordelinga 20%-80% må snuast i favør til den pedagogiske leiinga, og From hevda fleire gonger at noko må skje! Robinsons instructional leadership, som punkta over peikar til, og verdiskaping mellom elev – lærar – leiing må få rotfeste i den norske skulekulturen. Som nemnt før; det er leiaren sitt ansvar at skulen si kjerneoppgåve blir løfta fram – eleven i sentrum!

Så gjenstår det og sjå, klarar eg å vera ein «change agent» for skulane i Skjåk? Målsettinga for prosjektet er å tilreggleggje for ein robust 1-10 skule der læringa til elevane er det sentrale. Å få samla og bringa naudsynte lærarkompetanse, effektiv utnytting av ressursar, fremje samarbeid på tvers av skulekulturar, og byggje det profesjonelle læringsfellesskapet – kjem eg i land? Ikkje åleine, men ved samarbeid med skuleeigarar,skuleleiarar,lærarar og foreldre. Kollektivt orienterte organisasjonar, med tillit og relsjonsbygging, kjem best ut.
Vi må tydleg vise kva for retning vi skal.


Vi og kan klare dette i Skjåk.Endring og utvikling med menneskeleg kapital i botn – med elevane og skulen i  sentrum!










Kjeldeliste: 
Litteratur:
Hattie, John (2013): Synleg læring – for lærere. Cappelen Damm AS.
Hattie, John (2013): Synleg læring. Cappelen Damm AS.
Nordahl,Thomas (2012): Dette vet vi om klasseledelse. Oslo Gyldendal Norsk forlag AS.
Robinson, Viviane (2011): Student-Centered Leadership. Jossey-Bass.




Kjelde - bilde:
Bilde nr. 1 er eige bilde. 
Bilde nr. 4 er henta frå https://www.google.no/search?q=skog&tbm=isch&imgil=l_hQyIo8e4U3iM%253A%253Bhttps%253A%252F%252Fencrypted-tbn0.gstatic.com%252Fimages%253Fq%253Dtbn%253AANd9GcR2cHU9m0tOyUqmXxIDN2A1i8GNMgeibQpFjP3bIjmzVMMT1D7N%253B1500%253B1000%253BaMExEUBj-BPgoM%253Bhttp%25253A%25252F%25252Fwww.happywall.no%25252Ffototapet%25252Fmotiv%25252Fskog%25252Ffortryllende-skog&source=iu&usg=__5crbOD09dIC1wlM2D-MOVmytT5o%3D&sa=X&ei=RTGfU93oG6GGywOjl4GYCw&ved=0CB0Q9QEwAA&biw=1219&bih=783#facrc=_&imgdii=_&imgrc=l_hQyIo8e4U3iM%253A%3BaMExEUBj-BPgoM%3Bhttp%253A%252F%252Fstatic.happywall.no%252Fuploads%252Fgalleri%252F262%252Ffortrollande_skog_large.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.happywall.no%252Ffototapet%252Fmotiv%252Fskog%252Ffortryllende-skog%3B1500%3B1000
Dei andre bilda er henta frå 
http://www.fotosearch.de/bilder-fotos/leadership.html












tirsdag 20. mai 2014

BI er ikkje for bønder?



Det er ikkje lett å vera meg om dagen – tenk å vera både lærar og bonde, da er du på førehand dømt til å mislykkast. Opnar du ein avis, enten som ei nettutgåve eller i papirform,  eller slår på nyheitene, er det bortimot 100% sannsynleg at det er ei eller fleire sakar om skule eller bønder. Desse er sjeldan positivt vinkla for å seie det mildt, og alle har meiningar kring desse yrkesgruppene. Skule kan alle – vi har erfaring, men dei aller fleste veit og mykje om bondeyrket! 
Ein anna samnemnar for desse to yrka er Sylvi Listhaug, vår nåverande landbruksminister. Ho er lærarutdanna, men har ikkje særleg lang fartstid i yrket, og som det står i Magnus Engen Marsdal si bok Kunnskapsbløffen, har ho uttalt at lærarutdanninga var «forferdelege kjedelege 4 år». 
«Forferdeleg kjedeleg at du vart landbruksminister Sylvia» seier eg,
men vi let landbrukspolitikken tone ned og yter fram skule og skuleutvikling i
denne bloggen. 

Kvar går norsk skule, er vi nøgde med den utviklinga som skjer?



Det er typisk norsk å vera god…

Professor Johan From hadde ved sist samling på BI ei interessant forelesing om kvifor og korleis ei endring bør skje i  den norske skulen. Han sette skule og skuleutvikling  inn i eit heilheitleg perspektiv, og viste døme på  at mangt anna i norsk offentlege sektor er i endring og. Med hensyn på skule sa han at den viktigaste feilen er « at vi trur at vi er betre enn vi er». Er det ikkje typisk norsk å vera god da?
PISA- undersøkinga har nok ein gong avslørt ein for svaktpresterande norsk skule, men blir det teke på alvor? Her kan ein svare både ja og nei trur eg. Norsk skulekvardag har i dei siste 8-10 åra vorte meir og meir prega av testing. Nasjonale prøver,PISA TIMMS, kommunale testar osv. Lærarar har etter krav frå skuleleiinga førebudd elevane sine i månadsvis på ymse testar, for som From hevda er det slik at dersom du som skuleleiar klarer å skaffe gode elevresultat, ja da får du vera i fred. Er dei låke blir det sett i gang ymse støttetiltak, men blir testresultata brukt på ein hensiktsmessig måte? Det overordna målet er å auke elevane sin læringseffekt, ikkje berre på kort men på lang sikt. Og, er vi ærlege kjenner vi ikkje elevane våre godt nok til at vi veit slik nokonlunde kva for score dei får uansett?


Vi veit kva som verkar 

"Grunnboka" for lærarar,skrive
av John Hattie.
Vi har aldri før visst så mykje om kva som har størst læringseffekt hjå elevane, og John Hattie har i Synlig læring for lærere (2013) teke for seg korleis lærarar kan auke si innflyting på læringsutbyttet til elevane. Evidensbasert forsking har fått lite gjennomslag i Norge, og Semmelweis, hevdar at dette kjem av at vi ikkje vil anvende eller ta konsekvensane av forskingsbasert kunnskap. Norske lærarar tek kontinuerleg slutningar i både planlegging og særleg i undervisning, men desse er basert på læraren sine erfaringar og skjønn – men dei personlege vurderingane er ikkje tilstrekkelege nok. Hattie seier at vi treng lærarar som veg og drøfter si lærargjerning både utifrå eigen praksis og evidensbasert kunnskap. Tenkjer eg på meg sjølv, så må eg innrømme at ein del avgjerder blir tekne utifrå eigen intuisjon, men med meir kunnskap i botn forsterkar ein grunnmuren som støttar opp om dei vala eg tek.




Johan From påpeika både i si forelesing og i sin artikkel « Lett å lage god skole» at  variasjonane mellom skular er kjempestor i Norge. Dei beste skulane kan vise til svært godt læringsutbytte for elevane, og desse skulane har dyktige leiarar og profesjonelle lærarar. Leiarane har hovudfokus på elevane sine læringsprosessar og læringsutbytte, og dei har evner til å måle og analysere skulen sine resultat. Variasjonen mellom skulane meiner From er eit teikn på kvalitetssvikt, og han spør kvifor ikkje fleire tenkjer meir heilskap med eit breitt individuelt perspektiv?

Leiarane må leie, og sidan skulen blir meir og meir autonom får rektor meir friheit som i neste rekkje krev meir styring! Rektorrolla har i takt med samfunnsutviklinga endra seg, og ho vert stadig meir kompleks. Som leiar må ein prioritere, og dei viktigaste variablane må veljast utifrå dei prosessane som skal gjennomførast. Profesjon og kompetanse er nøkkelbegrep for å beherske ei skuleleiarrolle.


Eksempel på gode leiarstilar frå udir.no 


« Forventningene til skoleleder er høye og rektor har fått meir omfattende oppgaver og ansvar de siste årene. Dette er en internasjonal trend. Desentralisering, ansvarliggjøring for elevresultater, iversetting av nye reformer og nye tilnærminger til læring har bidratt til at rektorjobben nå er mer krevende og komplisert enn tidligere» ( St. melding 2007/2008:47).



Ein god lærar er ein god leiar,


seier Thomas Nordahl. Den norske lærarrollen må bli meir presis hevda From. I fleire forum har Høgre og delvis Arbeidarpartiet fremma forslag om å innføre ordninga med lærarspesialistar, for lærarrolla og utøvinga av den har vore veldokumentert og debattert i skuleforskinga. Spesialistane skulle da hjelpe mindre profesjonelle lærarar til å kome inn på rett veg, for det er da lærarane åleine som har hovudansvaret for elevane sitt læringsutbytte?
Lærarane er viktige, men ikkje viktigast. Det er kva lærarane gjer og kva det medfører av læring hjå elevane som er det sentrale. Dette må den norske skulen prioritere i mykje større grad.Skuledebatten bør ikkje handle så mykje om lærarane, men om kva dei gjer når dei underviser. Det handlar om å gjera dei rette tinga, seier Hattie, og sannsynlegvis har eg sjølv vore utsett for lærarar som har gjort mykje riktig. Korleis kunne eg elles ha fått med meg 6 -7 års høgare utdanning, vera deltidsstudent på BI, og kome frå ein bondefamilie? Viser ikkje forsking gong på gong at barn med akademisk bakgrunn sjølve tek akademisk utdanning ? 
« En elev frå en lavinnteksfamilie vil komme opp på nivå med elever frå rikere familier ved hjelp av tre til fire år med en betre lærer» ( Hanushek 2006, From sine forelesingsnotat 28.04.2014). 
Eg hadde «flaks» med lærar opptil fleire gongar! Gardbrukarinntekta var ikkje på låglønnsnivå på 1970 – og 80 talet, og far min jobba i politikken, det  berga nok meg.


Vegen vidare

Vi må vel seia at norsk skule ikkje alltid har teke dei rett vegvala, men bevisstheit og oppmerksemd kring forsking og effektstorleikar har hjelpt oss i rett retning. Framover må vi som From seier ha vekt på kva som skjer i klasseromma, og kva det fører til av læringsutbytte for kvar enkelt elev, uansett kva ballast eleven har med seg frå heime. Læringseffekt og læringsutbytte er det sentrale. Kvaltetsforskjellar i skulen heng tett opp mot lærarkvalitet, og har vi i Norge råd til å ha lærarar som hindrar i staden for fremmar elevane si utvikling? I så fall  -  ingen bønder på BI!




Kjeldeliste: 
Litteratur:
Hattie, John (2013): Synleg læring – for lærere. Cappelen Damm AS.
Nordahl,Thomas (2012): Dette vet vi om klasseledelse. Oslo Gyldendal Norsk forlag AS.
Marsdal, Marius Engen(2011): Kunnskapsbløffen. Forlaget Manifest

Kjelde - bilde:
Bilde 1 er eigenprodusert, og dei andre er henta frå utklyppstavla i word.Foilen er henta frå Johan From si forelseing,de finn den her:https://www.itslearning.com/ContentArea/ContentArea.aspx?LocationID=7965&LocationType=1


mandag 24. mars 2014


Skulen – den (multi)kulturelle møteplass?
Kjelde: utklypp frå word
Alle skular har sin eigen kultur, og kulturen sit i veggane. Men, kva er kultur? Alt verkar det for, sjå berre i skulen. Vi har kulturell skulesekk, kulturverkstad, kulturelle verdiar, kulturfag, fleirkultur, multikultur, kulturveke, kulturformidling, kultur for å lære og kanskje til tider  ukultur og?
Illustrasjon frå forelesing Bi 04.03.12
Sut I Wong Humborstad prata i forelesinga si ved BI den 04.03.14 om Cross Cultural Competence and classroom management om kultur som korleis vi programmerer hjerna vår. Ho forklarte vidare at ein kunne sjå på kultur som ei sky der det blir opptil den enkelte kva vi ser og oppfattar. Ho tok for seg kva kultur inneber, og brukte eit isfjell for å gje oss eit bilete på kor samansett kulturbegrepet er.


Eit land – mange kulturar
Norge har i løpet av dei siste tiåra vorte eit multikulturelt samfunn der ulike kulturar lev ved og i kvarandre. 12 % av totalbefolkninga i Norge er innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre viser tal frå Statistisk sentralbyrå per 01.01.13.Den gruppa som veks raskast i vårt samfunn er  «mixed heritage» ( Osler,2013), det vil seie personar som har ein blanda arv/bakgrunn, eller som er fleirkulturelle. Dette gjev nye utfordringar for skulen og det mangfaldet vi finn der. Menneske med ulik kultur, verdisyn og trusretning møtast dagleg, og desse skal saman byggje  ny kunnskap som kan gje dei eit reiskap til å takle dagens multikulturelle samfunn. Skulen er ein samfunnsintegrerande institusjon, og vi må arbeide mot å skape eit inkluderande elev- og arbeidsmiljø. Korleis kan vi og som leiarar ta omsyn til ulike kommunikasjonsvanar og verdiar for å få til dette?

 Multikulturelt skulesamfunn
Utifrå kva som står i Wikipedia om multikulturalisme kan ein forstå det slik at eit multikulturelt skulesamfunn er skular som er sett saman av elevar med ulikt etnisk og kulturelt opphav. Fleirkulturell har og blir brukt synonymt med multikulturell, men slik eg ser det så er multikulturell eit vidare begrep som omfavnar meir. Multi tyder fleire, og som det står vidare på Wikipedia så er det utelukkande positivt med multikulturelle  skulesamfunn  for dei  blir rikare dess fleire kulturar som finst der. Ingen av enkeltkulturane utpeikar seg for å vera større eller betre enn andre, og dei er alle ein del av skulekulturen med like rettar og pliktar utan å måtte gje avkall på sine eigne kulturelle verdiar.


Kva gjer ein som lærar for å skape eit fremjande arbeidsmiljø som inkluderer alle elevane?
Mangfald er utfordrande, men og spennande og interessant. I skulen er det viktig at  elevane føler seg inkludert, og at leiarar gjer sitt for å få til dette. Thomas Nordahl skriv i si bok om Klasseledelse( 2012) at:
« Alle elever må få og ha opplevelse av å bli sett, hørt og respektert som selvstendige mennesker» .
Men sjølv om eg som lærar planlegg, organiserer og tilrettelegg så godt eg kan både utifrå evner og læreplan, når eg alle elevane i klassa?

I 9.klasse har vi nettopp hatt  ei markering av Jan Magnus Bruheim sitt 100 års jubileum som diktar, og prosjektet enda opp med ein lyrikkveld på skulen for føresette og vennar. I klassa har eg ein elev frå Eritrea som ikkje meistrar verken norsk eller engelsk. Elevane hadde i oppdrag både å lesa og dramatisere Bruheimdikt, og dei skulle og skrive og framføre eigne dikt. Dans og musikk var på programmet og. Via kroppsspåk, spegling, humor og kreativitet  gjekk dette bra. « Om alle tre var like» er eit av dikta vi brukte, og eg tykkjer at det passar godt å ta med her.

Om alle tre var like


Om alle tre var like
og alle blomar blå
og alle fuglar svarte
og alle dyra grå,
det trur eg ville gjera
oss meir enn vondt å sjå.

Om vi var like store
og gjekk i like klær
og om vi alltid hadde
kvar dag det same ver -
Det ville vera meire
enn trist å leva her.

Om alle hus var like,
med same mat på bord
og om vi tala saman
alltid dei same ord –
då vart det liten trivnad
her nede på vår jord.


Nei, dette rike mangfald
vi kringom oss kan sjå
av ymse dyr og fuglar
og tre og blom og strå –
At alt er skapt så ulikt,
er godt å tenkje på!

Jan Magnus Bruheim
Utfordringane kom når den eritreiske storfamilien skulle kome og vera med sjølve kvelden. Dei bur utanfor sentrum, ingen sertifikat, og ingen offentleg kommunikasjon. Familien har nyleg kome til bygda og kjenner ikkje mange. I Skjåk har vi heller ikkje flyktningmottak eller andre instansar som tilrettelegg, og flyktningkonsulenten var ikkje tilgjengeleg! Kva gjer ein – jo,mobiliserer!  Lærarar og foreldre til andre i klassa stilte opp og henta dei, og så er kommunikasjonen og forbindelse oppretta. Å kome ihop med andre,sitte ved same bord med andre foreldre samt rektor, bidrog til at dei følte seg  velkomne. At dei og såg  bilde og kunstnariske innslag frå deira heimland på veggane i kantine og klasserom er og med på å vise at deira verdiar og kultur blir verdsett.

Å skape respekt og anerkjenning er viktig, og da er vi inne på det som Bryks og Schneider kallar «relasjonell tillit». Relasjonell tillit handlar om mellommenneskeleg og sosiale utvekslingar. Her er det fire kriterie som ein vektlegg: respekt/anerkjenning av kvarandre, kompetanse, personlege omsyn og integritet.

Good practices
“Kids get it, that we give them”.“Catching the kid       getting them smart”. Desse ytringane formidla Sut I Wong Humborstad som innleiing til eit utklipp frå youtube der Gary R Howard la fram 7 prinsipp som er formålstenlege for lærarar som er ansvarlege for å få til eit inkluderande og multikulturelt skulemiljø.










 Prinsippa for «good practices» kan fritt oversetjast som:.
          1.      Elevane må bli godtekne som dei er
          2.      Lærarane må bry seg om og sjå elevane
          3.      Elevane må føle seg heime i klasserommet
          4.      Ein må sjå potensialet til elevane
          5.      Skjer det endringar må ein ta omsyn til forskjellane
          6.      Varme,omtanke og respekt må råde i klasseromma

          7.      Redusere stress, og få elevane til å fungere både som enkeltindivid og som gruppe


Oppsummering
I skulen må det vera rom for alle, rom for å prøve og feile,og rom for å tolke og forstå. Som lærar er det viktig å vera open for alle kulturar, samstundes som ein gjev såpass av seg sjølv at elevane veit at du veit. Gode relasjonar er ein føresetnad for å byggje opp tillit. Du må tore å ta utfordringar, og du må tru at du sjølv er ein bidragsytar i å få til eit inkluderande elev – og arbeidsmiljø. Relasjonell tillit har vore omtala tidlegare, og relasjonell kompetanse er nettopp å kunne forholde seg til medmenneske på ein slik måte at tillitforhold blir utvikla. Olga Dysthe ( 1997)seier følgjande:
 «Å være leder betyr å samhandle med andre menneske, både enkeltmenneske og grupper». Skulen er staten sin viktigaste arena for å kunne utvikle kulturell samhørighet og fellesskap. Kultur er kommunikasjonsfellesskap, og skulen ein multikulturell møteplass. 
Humborstad synte oss ein video om Responsive teaching som viser døme på korleis ein bør opptre som leiar i ei klasse:
http://www.youtube.com/watch?v=_uOncGZWxDc&noredirect=1

 
Kjeldeliste:
Litteratur:
Dysthe, Olga (1997): Pedagogisk ledelse - et relasjonelt perspektiv.     Bergen:Fagbokforlaget
Hattie, John (2013): Synleg læring – for lærere. Cappelen Damm AS.
Nordahl,Thomas (2012): Dette vet vi om klasseledelse. Oslo Gyldendal Norsk forlag AS.


Kjelde – bilde: