mandag 16. juni 2014

Klar for « Skulen i sentrum?»


Ja, eg er klar – trur eg. Etter dette studieåret ved BI må og bør såpass kunnskap ha festa seg attåt det som fanst i hovudet frå før – så ja, eg er klar!

Inngangspartiet ved Skjåk ungdomsskule
Kva er det eg snakkar om, skulen i sentrum – det er feil. Det er eleven si læring som er viktig, altså eleven i sentrum. Men «Skulen i sentrum» er visjon for den nye skulesatsinga i Skjåk kommune. Intensjonen er å samle tre skular, ein ungdomsskule og to barneskular, til ein 1-10 skule i sentrum i Skjåk. Er ikkje dette noko gamaldags tenkjer du. Har vi noko val tenkjer eg. Etter å ha lagt timeplan i fleire år, vore lærar på ungdomsskulen, og ikkje minst vera mor til tre ungar i barneskulen, ser eg behovet for å samle den kompetansen som finst i kommunen på ein stad. Betre utnytting av ressursane. Å kunne posisjonere seg før ei eventuell kommunesamanslåing tel også.  For korleis får vi søkjarar med den naudsynte kompetansen i for eksempel musikk når vi på ungdomsskulen åleine kan tilby tre timar per veke, 15% stilling, totalt?

Kva for retning skal eg gå?
Eg er , med ballast frå BI, budd til å ta fatt på dette arbeidet. Ny jobb var ikkje planlagt i haust, men nå sit eg her med eit toårig engasjement som prosjektleiar for « Skulen i sentrum». Tør eg verkeleg dette? Ingen faste rutinar, og skuleklokka seier ikkje ifrå når eg skal ha pause!







Kva skapar gode læringsresultat?
…var headingen på Johan From si forelesing den 28.april 2014 ved BI. Han var innom ulike faktorar for å lukkast med betre læring. Vi kjenner frå både Nordahl og Hattie at læraren er sentral, men skuleleiinga har omlag like stor innverknad. Skuleleiinga har den viktigaste og ikkje minst mest utfordrande jobben i skulen. På Udir sine nettsider står det kor essensielt det er å byggje det profesjonelle læringsfellesskap. Dette inneber ei kollektiv vurdering der den enkelte tilsette opplev støtte og utvikling. Vidare står det at for å byggje opp  ein lærande organisasjon må både skuleleiing, lærarar og andre tilsette utvikle seg utifrå felles mål og til det beste for elevane.
Kunnskapssamfunnet liker vi å kalle det, vår tid som set fokus på korleis vi lærer, kva for undervisning som fungerer, og kor stor betyding lærarar og leiing har for læringsresultat ( Hattie, 2013, Nordahl 2012). Skular som presterer gode elevresultat blir trekt fram, og søkjelyset vert retta mot korleis leiinga ved den enkelte skule er avgjerande for elevane si faglege og intellektuelle utvikling (Hattie 2009;OECD 2008;Robinson, 2007 og 2011; St.melding nr.31,2007-2008; Utdanningsdirektoratet, 2013). John Hattie, som i 25 år har drive pedagogisk forsking om kva som har størst innverknad på elevane sitt læringsutbytte, er svært presis når han poengterer kor viktig det er at både lærarar og skuleleiarar ser på seg sjølv som «change agents». Det er dei som kan og skal gjere ein forskjell på barns si utvikling og læring. Han seier og at lærarane ikkje åleine kan ta det ansvaret, men at skuleleiinga må på banen. Relasjonsbygging og tillit, direkte via læraren, indirekte via skuleleiinga, er noko som går att i nyare forsking og som har betyding for og fremjar gode elevresultat.


Ser ikkje skogen for berre tre.....

Norske rektorar har gjennom Kunnskapsløftet stor fridom til å velje retning for sin skule. Bra det kanskje, men står tidsressurs og arbeidsoppgåver i eit lineært forhold til kvarandre? Nei, ikkje for dei fleste, og det viser seg at opp mot 80% av tida til skuleleiarane går med til administrativ leiing på bekosting av den pedagogiske. Slik er det og på vår skule, rektor skal vera alt frå ryddehjelp, vaktmester, reknskapsførar og vikar. Skuleeigar stiller sine krav, og ulike innovasjonsprosjekt kan bli ei belasting som snarare hindrar enn fremjar god leiing. Handlingsrommet blir til handlingstvang, og såleis blir det leitt å sjå alle mogligheitene som ligg framfor ein. Godtek vi dette i norsk skule?                                            
Gode leiarar prioriterer det viktigaste, sa From. Dei ryddar unna oppgåver, og held fokus på kjerneoppgåvene i skulen – å auke læringsutbyttet for elevane. Dei minimerer administrasjon, og bruker ressursane til skulen strategisk godt. Proaktiv leiing legg vekt på gode system for å førebygge problem som kan oppstå, tre til hinder blir hogga ned.

Elevsentrert leiing
Viviane Robinson
VivianeRobinson  er ein anerkjent ekspert på skuleleiing, og ho dreg fram tre kvalitetar som kjenneteiknar skuleleiarar som set elevane si læring i sentrum (Robinson 2011):
  • Leiaren må nyttiggjere seg av kunnskap som gjev betre læring. Han må vite korleis elevar lærer, og korleis lærarar nyttar kunnskapen i si undervisning. Gje konsise attendemeldingar til lærarar, som vidare gjev meir effektiv undervisning.
  • Leiaren må løyse komplekse problem. All skuleutvikling er kontekstuell, og kontekstualiteten grip om seg på alle nivå.
  • Byggje tillit. Tillit må etablerast slik at du har fått anerkjenning. Dette er fundamentalt for å gå vidare med utvikling av dei tilsette, slik at de saman kan produsere gode resultat. Relasjonar og tillit må liggje til grunn, og som leiar må ein jobbe med dette kontinuerleg.

Robinson seier og at ein som skuleleiar må kjenne til dei fem viktigaste kjerneaktivitetane for leiing:
  1. Establishing goals and expectations
  2. Resourcing strategically
  3. Ensuring Quality teaching
  4. Leading teacher learning and development
  5. Ensuring an orderly and safe evvironment



Let`s go  - you are ready?

Lærarane er den viktigaste ressursen I skulen, og den må bli brukt på rett måte for å få størst mogleg effekt på læringa til elevane ( Hattie, 2009). Bør ikkje ressursane til skuleleiar brukast på lærarane som skal gjera jobben for elevane si læring? Fordelinga 20%-80% må snuast i favør til den pedagogiske leiinga, og From hevda fleire gonger at noko må skje! Robinsons instructional leadership, som punkta over peikar til, og verdiskaping mellom elev – lærar – leiing må få rotfeste i den norske skulekulturen. Som nemnt før; det er leiaren sitt ansvar at skulen si kjerneoppgåve blir løfta fram – eleven i sentrum!

Så gjenstår det og sjå, klarar eg å vera ein «change agent» for skulane i Skjåk? Målsettinga for prosjektet er å tilreggleggje for ein robust 1-10 skule der læringa til elevane er det sentrale. Å få samla og bringa naudsynte lærarkompetanse, effektiv utnytting av ressursar, fremje samarbeid på tvers av skulekulturar, og byggje det profesjonelle læringsfellesskapet – kjem eg i land? Ikkje åleine, men ved samarbeid med skuleeigarar,skuleleiarar,lærarar og foreldre. Kollektivt orienterte organisasjonar, med tillit og relsjonsbygging, kjem best ut.
Vi må tydleg vise kva for retning vi skal.


Vi og kan klare dette i Skjåk.Endring og utvikling med menneskeleg kapital i botn – med elevane og skulen i  sentrum!










Kjeldeliste: 
Litteratur:
Hattie, John (2013): Synleg læring – for lærere. Cappelen Damm AS.
Hattie, John (2013): Synleg læring. Cappelen Damm AS.
Nordahl,Thomas (2012): Dette vet vi om klasseledelse. Oslo Gyldendal Norsk forlag AS.
Robinson, Viviane (2011): Student-Centered Leadership. Jossey-Bass.




Kjelde - bilde:
Bilde nr. 1 er eige bilde. 
Bilde nr. 4 er henta frå https://www.google.no/search?q=skog&tbm=isch&imgil=l_hQyIo8e4U3iM%253A%253Bhttps%253A%252F%252Fencrypted-tbn0.gstatic.com%252Fimages%253Fq%253Dtbn%253AANd9GcR2cHU9m0tOyUqmXxIDN2A1i8GNMgeibQpFjP3bIjmzVMMT1D7N%253B1500%253B1000%253BaMExEUBj-BPgoM%253Bhttp%25253A%25252F%25252Fwww.happywall.no%25252Ffototapet%25252Fmotiv%25252Fskog%25252Ffortryllende-skog&source=iu&usg=__5crbOD09dIC1wlM2D-MOVmytT5o%3D&sa=X&ei=RTGfU93oG6GGywOjl4GYCw&ved=0CB0Q9QEwAA&biw=1219&bih=783#facrc=_&imgdii=_&imgrc=l_hQyIo8e4U3iM%253A%3BaMExEUBj-BPgoM%3Bhttp%253A%252F%252Fstatic.happywall.no%252Fuploads%252Fgalleri%252F262%252Ffortrollande_skog_large.jpg%3Bhttp%253A%252F%252Fwww.happywall.no%252Ffototapet%252Fmotiv%252Fskog%252Ffortryllende-skog%3B1500%3B1000
Dei andre bilda er henta frå 
http://www.fotosearch.de/bilder-fotos/leadership.html












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar