Går ein naturvitenskapeleg til verks er det per dags dato
vi, homo sapiens, som er øvst eller er siste utskott på evolusjonstreet. Betyr det at vi, «det tenkande
mennesket», er sett til å vera leiarar over dei andre organismane i verda? Vi
er ikkje unike i så måte, men er kjenneteikna ved å ha ryggsøyle og ikkje minst
stor hjerneskalle. Kva for fordelar gjev dette oss? Vanskelege fødslar sidan
kraniet med hjerna i er stort – nei, det er ingen fordel. Men, at hjerna vår er
relativt komplisert oppbygd gjev oss fordelar. Forskarar hevdar at det kan ha
skjedd ein samevolusjon mellom hjerna si og språket sitt utvikling, og dette
har gjort sitt til at menneska kan kommunisere meir kompliserte forhold. Denne
kompleksiteten har bidrege med vidare utvikling av hjernen, og dagens moderne
menneske har evne til abstrakt tenking. Er det sikkert at det er vi, homo
sapiens, som utviklar oss i den mest hensiktsmessige retninga utifrå vårt
moderne samfunn, eller er vi berre eit utskot der greina vi sit på vil visne
bort? Eksakt svar har vi ikkje, men sidan vi kanskje er øvst i
evousjonshierarkiet vel vi oss sjølve til å ta leiinga over dei andre
organismane. Men, er det slik at det ligg latent i menneska å ta styringa når
ein har høve til det? Er vi alle fødde leiarar?